Telenor moderniserar mobilnettet

No skal mobilnettet oppgraderast slik at fleire får tilgang til 5G, og endå betre kapasitet på 4G i Eidfjord.

Dette skjer ved at basestasjonane vert oppgradert, og under dette arbeidet vil det vera lågare kapasitet, og i periodar ingen dekning på mobilnettet. Dette gjeld kun i områder der det ikkje er overlappande dekning frå ein annan basestasjon.

Arbeidet har oppstart 04.09.24 kl 08.00, og er venta ferdig 13.09.24 kl 17.00. Dagane rundt 15.09.24 vert truleg dei dagane med manglande dekning.

Under ser du eit kartutsnitt over området der du kan oppleva periodevis redusert kvalitet, eller manglande dekning i samband med arbeidet.

Telenor dekningskart - Klikk for stort bilete

Telenor varslar sine kundar direkte dersom dei ventar at dei vert utan dekning på registrert adresse.