Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestartTorsdag 14 august startar nytt skuleår og små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk/Eidfjord kommune oppmodar folk om å klippe hekkane i samband med skulestart Publisert 11.08.2025 10.33 Sist endra 11.08.2025 10.33 Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs veganevert skjulte av grøne buskvekstar.Ein lovpålagt klippFolk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn tileigen og andre sin tryggleik.– I desse dagar startar barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mogleg skal gå og sykle der dethøver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlegelangs vegane, seier regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.Å syte for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen somer ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss ogved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må deilett kunne sjå både små og store trafikantar.Berre ein halv meterNår du står tre meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- ogsykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter vedavkøyrsla. Om avkøyrsla munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vere fire meter fri siktinn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrsla di, ifølgje Statens vegvesen si temaside omvegetasjonsrydding og ein brosjyre om temaet som ligg ute på:https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/vegetasjonsrydding/– Det her gjeld mange stader i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette, no må vi saman taeit tak for å sikre best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, avsluttar Nestås.Trygg Trafikk/Eidfjord kommune er opptekne av at skulevegane skal vere så trygge som mogleg og vonar oppmodingavert teken vel imot.