Vil du ha informasjon om hendingar i Friskus appen?

Frå nyttår gjer me ei lita endring i publisering i appen. 

Informasjon om ulike hendingar vil ikkje verta lagt ut på Friskus appen i kategorien «Kommunen informerer» lenger. Dersom du vil ha informasjon om hendingar som skjer i Eidfjord må du aktivt gå inn og fylgja kategorien «Kva skjer». Her vil du finna dei same hendingane som du ser under Kva skjer på heimesida. 

Dei som før har fulgt kategorien «Kino» treng ikkje gjera endring. 

Dette gjer me for at dei som ynskjer informasjon om hendingar i bygda skal gjera eit aktivt val om dette. 

Oppskrift

  1. Trykk på dei tre strekane oppe i høgre hjørna inne i appen
  2. Trykk på Mine valg
  3. Velg Eidfjord kommune og grønn pil
  4. Om du vil fylgja fleire kommunar så kan du leggja det inn no, eller trykk Nei, hopp over
  5. Merk dei kategoriane du vil fylgja og grønn pil
  6. Under velg område trykker du på grønn pil
  7. Du er klar, trykk grønn pil for å lagra vala dine
"" - Klikk for stort bilete

 

Har du ikkje lasta ned appen så finn du denne i App store eller Google Play