Ynskjer innspel vedkomande innføring av vilkårsparkering

Eidfjord kommune planlegg innføring av vilkårsparkering, derunder avgiftsparkering, i sentrum. I samband med dette ynskjer me å høyra dine tankar.

Kva er vilkårsparkering?

Vilkårsparkering vil seie at det er vilkår som må oppfyllast for å kunne parkera. Eit vilkår er å betala parkeringsavgift. Det er også mogleg å innføra andre vilkår, til dømes makstid for parkering, tider det ikkje er lov å parkera, gratis inntil eit visst tidspunkt med vidare. 

Vedtak og vilkår

Vilkår, skilting og parkeringsavgift skal vedtakast av Eidfjord kommunestyre før innføring. Det vil verta føreslått eigen pris for enkelte grupper, derunder innbyggjarar, personar med arbeidsplass i Eidfjord og hytteeigarar. Det vil òg verta føreslått at parkeringsavgifta ikkje vert innført før januar 2027.

Innsending av innspel

Innspel sendast skriftleg til postmottak@eidfjord.kommune.no, per post til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord, eller ved å levera fysisk brev i resepsjonen på kommunehuset.

  • Frist for innspel: 04.03.2026
     

Kontakt

Rebecka Friis
Avdelingsleiar Forvaltning
E-post
Telefon 53 67 36 64
Mobil 41 84 96 48