Etter nyttår har det vore nokre smittetilfelle knytt til Lægreid skule. Tilsette i nærkontakt har vorte testa med PCR, samt dagleg hurtigtest i tråd med retningslinjer for testing. Etter ei fagleg vurdering valde me òg ut born me ynskte å testa med heimetestar.