Høyring - Forslag til tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde

Klima- og miljødepartementet sendte nyleg forslag til tiltaksplanar etter kvalitetsnorm for villrein på Hardangervidda, samt Setesdalen Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde ut på offentleg høyring.

Klima- og miljødepartementet har no sendt sin forslag til tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde ut på høyring. Tiltakplanen er bygd på grunnlaget utarbeida av prosjektgruppa som vart oversendt departementet i desember 2023. 

Bakgrunnen for tiltaksplanen er kvalitetsnormen for villrein som vart vedteke i juni 2020, og tilhøyrande klassifiseringen av dei nasjonale villreinområdene i 2022, som konkluderte med at ingen av dei 10 nasjonale villreinomådene klassifiserte som god kvalitet. 

Høring - Forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein i Hardangervidda og Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområder - regjeringen.no

Dette er ei open høyring, og alle kan senda sine innspel. Høyringsfristen er 31.10.2025.
Send høyringsinnspel her

 

Merk: Denne høyringa gjeld ikkje Sti og løypeplan som kom ut på høyring tidlegare i sommar, og som har høyringsfrist 15.10.2025. Sti og løypeplanen omhandlar føreslåtte tiltak for å kanalisera ferdsel på Hardangervidda, medan tiltaksplanen omhandlar alt Klima- og miljødepartementet vurderar vil forbetra vilkåra for villreinen.

Høyring - Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda - Eidfjord kommune

Artikkelliste

Kontakt

Heidi Herstad Prestegård
Konsulent
E-post
Telefon 53 67 35 35