Høyring- Strategisk næringsplan 2025 – 2029Formannskapet vedtok 13. oktober 2025 å leggja Strategisk næringsplan ut på offentleg høyring. Høyringsfrist 01.12.25 Publisert 17.10.2025 12.24 Sist endra 17.10.2025 12.36 Strategisk næringsplan 2025 - 2029 (PDF, 692 kB)Bakgrunn og prosessEidfjord kommune har over tid arbeidd med å utarbeida ein strategisk næringsplan. Det vart etablert ein politisk komité med deltaking frå næringslivet. Vidare har arbeidet vore basert på fire spørjeundersøkingar, djupneintervju, og fleire arbeidsverkstad for næringslivet. På bakgrunn av dette er det utarbeidd to kunnskapsgrunnlag – eitt av Hardanger og Voss næringshage og eitt av Menon Economics.I tillegg har Asplan Viak gjennomført ei berekraftanalyse for Sysendalen, medan Vestlandsforsking har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag for tolegrenseanalyse for Eidfjord kommunesentert. Den samla innsatsen har resultert i oppdaterte analysar og rapportar som dannar grunnlaget for den strategiske næringsplanen. Planen legg vekt på prioriteringar og tiltak som skal bidra til berekraftig næringsutvikling i kommunen.RapportarRapportar som er bakgrunn for utkastet til strategisk næringsplan : Vestlandsforkning: Kunnskapsgrunnlag for tolegrenseanansyse av Eidfjord kommunesetner 2024 (PDF, 4 MB)Hardanger og Voss næingshage: Kunnskapsgrunnlag for vidare arveid med strategisk næringsplan 2023 (PDF, 4 MB) Menon Economics : Innspel til strategisk næringplan for Eidfjord kommune 2025 (PDF, 748 kB)Asplan Viak: Berekraftige Sysendalen; Eit kunnskapsgrunnlag for framtidig utvikling av hyttenæringen 2025 (PDF, 7 MB)Rullering av retningsliner for næringsstøtteI samband med arbeidet med strategisk næringsplan vert retningslinjene for næringsstøtte rullert slik at dei fyljer den politiske prosessen med strategisk næringsplan.Rullering av retningsliner for næringsstøtte (PDF, 606 kB)InnspelInnspel skal merkast med sak 25/1164 Strategisk næringsplan . Innspelet kan sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.