Resultat TV-aksjonen 2020

Eidfjord var den kommunen i Vestland som samla inn mest pengar pr innbyggjar.

Totalt samla eidfjordingane inn kr 118 069,- til "Et hav av muligheter". Dette gjev eit gjennomsnitt på kr 130,32 per innbyggjar. Gjennomsnittet for Vestland vart kr 40,83.

På landsbasis kom Eidfjord på ein 8. plass når det gjeld gjevarglede pr innbyggjar. Svalbard er den kommunen som toppar lista i Noreg.

Resultat - TV-aksjonen 2020