Tinnhølvegen opnar fredag 28. juniTinnhølvegen opnar for sesongen fredag 28. juni kl 09:00. Publisert 25.06.2024 11.05 Sist endra 25.06.2024 13.04 Kortbetaling er mogleg i billettbua på Tråastølen, for årskort og enkelttur. Er du innbyggjar i Eidfjord og ynskjer årskort - må dette kjøpast i resepsjonen på kommunehuset. PrisarPr. tur kr. 200,-Årskort kr. 750,-Årskort innbyggjarar i Eidfjord kr. 350,- (kun i resepsjonen på kommunehuset)ParkeringsforskriftEidfjord kommunestyre vedtok 6.5.24 ny forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølvegen. Sak nr 24/046. Forskrifta er publisert på lovdata.no go kan lesast i sin heilheit der:Forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved TinnhølvegenRetningslinjer for søknad om dispensasjonForskrifta §8 opnar for at det kan søkjast om d ispensasjon frå alle delar av forskrifta. For å få innvilga dispensasjon må det vere særlege grunnar til dette. Retningslinjene inneheld føringar for kva som kan vere “særlege grunnar”. Det er også informasjon om kva søknaden skal innehalde og kor du skal sende den.Retningslinjer for søknad om dispensasjon (PDF, 273 kB)Eige ansvarTinnhølvegen er ein bomveg og er open i perioden siste fredag før 1 juli, til 1 oktober kvart år. Etter 1 oktober skjer eventuell ferdsel på eige ansvar.