Søknad
- Søknadsskjema
- Søknadsfrist 20.06.2025
- Merk søknaden med arkivsakID: 25/673
Om barnehagen
Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Det er ca 20 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett ved sida av barnehagen. Barnehagen er godt utstyrt digitalt og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø.
Me ser etter deg som er glad i å leika, læra og undre deg saman med borna, som alltid er på bornas nivå og som er engasjert i jobben du gjer. Eit viktig mantra for barnehagen er tidleg innsats gjennom systematisk arbeid, fokus på gode relasjonar og dialog.
Om stillinga
Vil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?
Me søkjer etter ein barnehagelærar i fast stilling. Som barnehagelærar bruker du di faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å leggja til rette for at barnegruppa og det enkelte barnet er trygt.
Det kan vera aktuelt at barnehagelærar får funksjon som pedagogisk leiar, ved behov frå august 2025.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det faglege og pedagogiske arbeidet på avdelinga
- Arbeida målretta i tråd med rammeplan for barnehagens oppgåver og innhald, og lov om barnehagar
- Bidra til å utvikla eit godt arbeidsmiljø og leggja til rette for eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar
- Godkjent treårig bachelor barnehagelærarutdanning
- Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter
- God digital kompetanse i eige planarbeid og saman med borna
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunna arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Fleksibel og endringsvillig
- Omsorgsfull, og legg stor vekt på å skapa gode og trygge relasjonar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Evne til å ha oversikt, organisera og tilpassa arbeidet etter borna sine behov
Me tilbyr
- Spanande og varierte oppgåver på ein fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt tverrfagleg miljø.
- Konkurransedyktige vilkår
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Moglegheit til å søkja støtteordningar og tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
- Gode pensjonsordningar
- Fagleg engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle, og med visjonar om å skapa gode robuste team som er oppteken av fagleg utvikling
- Ein barnehage som er framoverlent og som ynskjer å vera med å utvikla barnehagefeltet
- Team som er godt etablerte på tvers av avdelingane
- Betre bemanningsnorm enn dei sentrale føringane
- Hjelp til å skaffa husvære
- I tillegg er Eidfjord ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån
Tilsetjingsvilkår
- Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
- Arbeidsspråket er nynorsk
Kontakt
For spørsmål om stillinga kontakt:
- Styrar Grete Næss, tlf.: 990 34 547
- Assisterande styrar Silje Aurdal Riber, tlf.: 482 39 443
Velkomen som søkjar!
Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.