Søknad
- Søknadsskjema
- Frist 24.06.2025
- Merk søknadsskjema med: arkivsakID 25/829
Stillinga
80 - 100% vikariatstilling som fagarbeidar/assistent ved Lægreid skule og SFO, Eidfjord kommune. Gjeld for 6 månadar i tidsrommet 01.08.2025 – 31.01.2026 med moglegheit for utviding og forlenging. Den som vert tilsett vil arbeide både i skule og SFO, også i feriar og elevfrie dagar.
Personlege eigenskapar
- likar å arbeida med barn og unge
- god relasjonskompetanse
- er ein motivert, engasjert og profesjonsbevisst tilsett og kollega
- bidreg til trivsel og eit godt og inkluderande skulemiljø og arbeidsmiljø
- kan samarbeida med fleire for best mogeleg tilrettelegging for våre elevar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Utlysinga gjeld også for stillingar som det kan vera behov for utover sommaren og hausten.
Anna
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Løn etter gjeldande avtaleverk. Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing. Politiattest vert kravd i samband med tilsetjinga jfr. opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju i veke 26.
Spørsmål
Om du har spørsmål ta kontakt med:
- Assisterande rektor Hilde Anette Bu tlf. 913 46 788
- Anne Underdal tlf. 922 28 448
Om Lægreid skule
Lægreid skule (1-10 skule) ligg fint til i Eidfjord, med basseng, idrettshall og stortuteområde rundt seg, som både skule og SFO nyt godt av. Skulen har felles varm lunsj for elevane kvar dag. Med naturen tett på, er det sjølvsagt med uteskule for heile barnetrinnet kvar veke. Skulen deltek i Trivselsleiar-programmet.
Lægreid skule er godt utstyrt med digitale hjelpemiddel og læringsressursar, og har digitale tavler i alle klasserom. Dei 108 elevane våre har pc eller læringsbrett 1:1, og nyttar digitale læringsressursar i alle fag. Skulen har fokus på å ha god balanse i bruken av fysiske bøker og digitale verktøy.