Helsefagarbeidar 100% fast

100% fast stilling som helsefagarbeidar i pleie og omsorg. Søknadsfrist: 16.03.2026

Søknad

Om stillinga:

  • 2 delt turnus dag og kveld
  • Økonomisk kompensasjon for helgetimar ut over 255 gjeld turnus for 2026
  • Funksjonstillegg på kr 17 000 for godkjent medisinkurs

Arbeidsoppgåver:

  • Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningslinjer
  • Leggja til rette for brukarmedverknad
  • Yte personleg bistand, pleie og omsorg
  • Miljøskapande arbeid i avdelinga
  • Ivareta dokumentasjonspliktBidra til at utvikle og vedlikehalde kvaliteten på det faglege arbeidet 
  • Rettleia og informera pasientar, pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlingar 
  • Medverka til fullt forsvarleg, helsefremjande og inkluderande arbeidsmiljø 

Ynskte kvalifikasjonar: 

  • Offentleg godkjenning/autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Det er ynskjeleg med godkjent medikamentkurs, men ikkje eit krav
  • Ufaglærte med relevant erfaring oppmodast til å søkje. Det vert lagt til rette for å ta fagbrev innan ein avtalt period
  • Førarkort klasse B

Krav:

  • Norsk ferdigheiter, både munnleg og skriftleg, B1

Me ser etter deg som:

  • Er sjølvstendig og fagleg trygg
  • Skapar gode relasjonar og samarbeid
  • Er utviklingsorientert, engasjert og strukturert
  • Har eit positivt og løysingsorientert syn

Me tilbyr:

  • Ein arbeidsgjevar som satsar på heiltidskultur med gode turnusordningar der tilsette kan kome med innspel til eigen turnus
  • Godt arbeidsmiljø
  • God sjukepleiardekning
  • Moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • For ufaglærte søkjarar tilbyr me utdanningsløp og opplæring slik at du kan ta fagbrev som helsefagarbeidar medan du jobbar hjå oss
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Tilsetjingsvilkår: 

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. 

Anna info:

Arbeidsspråk er nynorsk.

Spørsmål

For spørsmål om stillinga kontakt:

  • Avdelingsleiar Margunn Lægreid, telefonnr.: 41468449
  • Kommunalsjef helse- og omsorg Karin Flatabø Thrane, telefonnr.: 95138645

Om Eidfjord

Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.

Om pleie og omsorg:

Bygdaheimen er basen i pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord kommunen.  Sjukeheimen var ny i 2019 og ligg nydeleg til på Brotkanten. Det er 20 bebuarplassar på Bygdaheimen fordelt på somatisk avdeling og demensavdeling.Tenesta er integrert noko som betyr at dei tilsette jobbar fleksibelt både på Bygdaheimen og i heimetenesta. Me har fokus på kvalitet og har sidan 2013 årleg delteke i nettverk i 
regi av USHT.

Hjå oss brukar me årsturnus når me lagar arbeidsplan, dette gjev deg moglegheiter til å vera med å påverke eiga arbeidstid. Lange vakter i helgene gjev moglegheit til å få periodar med turnusfri for deg og gjev oss moglegheit til å gje kollegaene dine høg stilling. Dette fører igjen til ei kompetent og godt kjend kollegagruppe.