Konsulent - Engasjement - Sysendalen Skisenter AS

Eidfjord kommune har ledig engasjement i høve vidare drift av og framtidig satsing på skisenter i Sysendalen i Eidfjord kommune. 

Søknadsfrist: 10.8.2025

Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen.  Kommunen har gjort vedtak i høve framtida til Sysendalen Skisenter AS der ein ynskjer ei aktiv drift av skisenter som i hovudsak skal eigast og drivast utan 100% kommunalt eigarskap i framtida. 

Søknad

Om stillinga

Eidfjord kommune har ledig engasjement i høve vidare drift av og framtidig satsing på skisenter i Sysendalen i Eidfjord kommune. 
Du skal arbeida aktivt for å skaffe framtidige drivarar og leggja til rette for at ein kan drifta skisenter frå sesongen 2026/2027, samt leggja grunnlag for ei framtidsretta organisering av driftsselskap. 
Du vil vera organisert innunder Sysendalen Skisenter AS med styreleiar som hovudarbeidsgjevar. Styret i Sysendalen Skisenter AS vil verta styrka med fleire styremedlemmer i ein utviklingsfase. 
Det er eit ynskje om snarleg oppstart med varigheit på inntil 12 månadar, ulike tilsetjingstilhøve og storleik kan vurderast. 


Om Sysendalen Skisenter: 

Sysendalen Skisenter består av ein T-heis med tre nedfartar, eit tallerkentrekk med tilhøyrande barneområde og ei varmestove. T-heisen har ein kapasitet på 1200 personar i timen, er 760 meter lang og har ei fallhøgd på 210 meter.     Eit snøproduksjonsanlegg med 18 fastmonterte tårn er òg installert, i tillegg til fire mobile kanoner. 

 Arbeidsoppgåver: 

  • Aktivt arbeida med framtidig satsing på skisenter i Sysendalen 
  • Arbeide for å få på plass framtidige drivarar av skisenter 
  • Kartleggja interessentar, marknadsmoglegheiter og ha dialog med potensielle investorar 
  • Dialog med grunneigarar, hyttefolk og innbyggjarar 
  • Oversikt og avklara løyver for skisenterdrift og leggja til rette for at ein kan drifta skisenter vidare innanfor dagens løyver 
  • Rapportera til og utføra arbeidsoppgåvene i dialog med styre i Sysendalen Skisenter AS, samt oppfylging gjennom jamlege statusmøte med styreleiar og rådmann 
     

Ynskte kvalifikasjonar: 

  • Erfaring frå prosessleiing, prosjekt eller utviklingsarbeid 
  • Fordel med erfaring frå drift av alpinanlegg 
  • Fordel med høgare utdanning innan økonomi, leiing, marknadsføring eller liknande, solid erfaring kan kompensera for formell utdanning  
  • God munnleg og skriftleg framstillingsemne 
  • Førarkort klasse B 
  • Personlege kvalifikasjonar vektleggjast Personlege eigenskapar: 
  • Sjølvstendig og strukturert 
  • Initiativrik og kreativ 
  • Høg gjennomføringskapasitet 
  • Gode formidlingsevner 
  • Fleksibel 
     

Me tilbyr:

  •  Sentral rolle i vidare utvikling av Sysendalen 
  • Fleksibel arbeidstid og stad 
  • Behjelpeleg med innkvartering 
  • Ulike tilsetjingstilhøve kan vurderast 
     

Anna info 

  • Tilsetjing og arbeidsavtale ved Sysendalen Skisenter AS 
  • Arbeidsspråk er nynorsk 


For spørsmål om stillinga kontakt: 

Styreleiar Sysendalen Skisenter AS Lars Kristian Eidnes, telefonnr.: 99 51 99 01 
Rådmann Magnus Steigedal, telefonnr.: 93 64 44 42