Her vil du få ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Mogelegheit for vidare tilsetjingstilhøve i barnehage og på bygdaheimen.
På arbeidsstaden vil du arbeida tett med erfarne og flinke kollegaer. Sommarvikarane våre får felles informasjon før tilsetjing.
I søknaden kan du skriva nokre ord om deg sjølv, og vel i prioritert rekkefylgje kva type arbeidsplass du ynskjer sommarjobb i. Du må òg skriva kva tidsrom du kan arbeida i, og kor stor stilling du ynskjer.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren verta offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing i stilling innan barnehage og Bygdaheimen.