Informasjon om Stortings- og Sametingsvalet 2025

Måndag 8. september 2025 er det Stortings- og Sametingsval.

Her røystar du på valdagen 8. september 2025

  • Valkrins: Eidfjord
  • Røystestad: kommunehuset - kommunestyresalen
  • Opningstid: kl. 10.00 - 20.00

Det er viktig å merka seg at vallokalet i Eidfjord stenger kl. 20.00 den 8. september. 

På grunn av at me har mindre enn 30 manntalsførte til Sametingsvalet er det berre mogeleg å røysta til Stortingsvalet på valdagen i Eidfjord. 

Det er berre dei som er manntalsførte i Eidfjord som kan røysta til Stortingsvalet i Eidfjord på valdagen. Har du ikkje høve til å røysta på sjølve valdagen kan du røysta på førehand. (sjå avsnitt om førehandsrøysting)

Organisering valarbeid

Kommunestyret har vedteke å oppnemna formannskapet som valstyre. OrdførarTimo Knoch er valt til leiar og varaordførar Kari Lægreid til nestleiar. 

Vidare har valstyret delegert ansvar til leiar av valstyre Timo Knoch, rådmann Magnus Steigedal og valansvarlege Linda Ågotnes Kaland og Ingrid Stakseng.

Det delegerte ansvaret gjeld for ikkje prinsipielle vedtak og oppgåver, som mellom anna å oppnemne leiar og nestleiar til vallokala, samt utpeika øvrige valmedarbeidarar til å ta imot førehandsrøyster og røyster på valdagen.

Manntal

Manntalet i Eidfjord kjem til å verta lagt ut til offentleg ettersyn første halvdel av juli. Det kjem til å liggja i resepsjonen på kommunehuset. 

Mogelege krav om retting av feil, må sendast skriftleg og skal stilast til: Valstyret i Eidfjord, Simadalsv. 1, 5783 Eidfjord, eller på e-post til: postmottak@eidfjord.kommune.no.

Førehandsrøysting og tider

Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen, kan du røysta på førehand. Veljarar som ynskjer å førehandsrøysta, kan gjera dette f.o.m. måndag 11. august t.o.m. fredag 5. september. 

Valstyret i Eidfjord har vedteke at veljarar kan førehandsrøysta på kommunehuset i Eidfjord slik:

Perioden 11. august t.o.m. 5. september: 

  • På kvardagar mellom kl. 10.00 – 14.00
  • Laurdag 30. august kl. 10.00 – 14.00
  • Torsdag 4. september kl. 10.00 – 18.00

Torsdag 4. september på Bygdaheimen med omsorgsbustadar kl. 10.00 – 14.00.

Legitimasjon

Dersom røystemottakar ikkje kjenner deg må du visa legitimasjon!
Me kjenner mange, men kanskje ikkje alle.
(Gyldig legitimasjon vil til dømes vera pass, sertifikat, bankkort og liknande.)

Ambulerande røysting/heimerøysting

Eldre og andre som av ulike årsaker ikkje klarar å koma seg til røystelokala, kan ta kontakt for ambulerande røystegjeving, dvs at me kjem heim til deg for å ta imot røyster. 

Ta kontakt med tenestetorget på e-post: postmottak@eidfjord.kommune.no  eller telefon: 53 67 35 00 og avtal tid innan 4. september kl. 12.00

Tidlegrøysting

Tidlegrøysting kan føregå i tida 1. juli t.o.m. 10. august. Dette er ei ordning som er meint for dei som ikkje har høve til å røyste innanfor ordinær førehandsrøysteperiode eller på valdagen. Det er likevel ikkje krav om at veljaren må dokumentere at hen ikkje har høve til å førehandsrøyste eller til å røyste på valdagen. 

Ta kontakt med tenestetorget på e-post: postmottak@eidfjord.kommune.no  eller telefon: 53 67 35 00 og avtal tid for å få røyste. 
Veljarane har høve til å tidlegrøyste i kva som helst kommune i landet. Det er ikkje krav om at det må skje i den kommunen veljaren er manntalsført.

Viktige datoar

  • Juli: manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn så snart det er klart i byrjinga av juli
  • 1. juli: opnar for tidlegrøysting etter avtale med tenestetorget
  • 11. august: opnar for førehandsrøysting kl. 10 – 14
  • 30. august: laurdagsope kl. 10 – 14
  • 4. september kl.12 – frist for å be om ambulerande/heimerøysting
  • 4. september: langope førehandsrøysting kl. 10 - 18
  • 4. september: førehandsrøysting bygdaheimen kl. 10-14
  • 8. september – valdag: vallokalet i Eidfjord kommunestyresal er denne dagen ope kl. 10 - 20

Viktig å hugsa på

Ved å røysta på eit parti, gjev du røysta di til dette partiet. Godt val !