Bygget
Grunnarbeida er avslutta for vinteren, og entreprise bygg har komme godt i gang med å setja opp stålberinga for bygget i veke 50.
Vidare har holdekker vorte monterte i veke 51, og vert støypte fast siste arbeidsdag før prosjektet tek joleferie. Då er bygget klart for vidare montasje av brystningselement, fasade og takplater frå veke 2 etter nyttår.
Framdrift
Framdrifta vert framleis halden etter plan, takka vera effektiv prosjektering, og me har hatt vêret med oss i desember. Vidare plan avheng også av at me ikkje får stormar som hindrar kraning av element.
NB!
Det skal ikkje utførast arbeid på byggjeplassen i veke 52 eller 1, så byggjeplassen vert stengd av, og uvedkommande må ikkje ta seg inn på området.
Status Anlegg Vest AS
Som tidlegare informert, er Anlegg Vest AS (EG) under rekonstruksjon og prosjektet veit ikkje meir om status her enn at det går føre seg ein prosess. Så snart det er nye opplysningar i saka, vil det varslast på nettsida til kommunen.
Grunnarbeidet skal uansett ikkje hald fram før til våren, så vil utfallet frå rekonstruksjonen avgjerda om Anlegg Vest held fram arbeidet eller ikkje. Byggherre førebur seg på fleire moglege utfall, slik at framdrifta i prosjektet vert påverka i minst mogleg grad.
Vidare arbeid
Bygningsarbeidet vil halda fram gjennom vinteren, og etter planen skal dette bygget vera tett innan mai 2027. Då vil også entreprenøren Eliquo Malmberg koma til plassen, for å starta arbeidet med prosessutstyret som skal inn i det nye bygget.
Planlagd ferdigstilling av bygget er i november 2026, med etterfølgjande påkopling for verifikasjonstesting innan desember. Me skal då vera i tråd med fristen som Statsforvaltaren har sett for utsleppsløyvet.
Frå alle oss i prosjektet ynskjer me ei riktig god jol, og eit godt nytt år!
Presentasjon kommunestyremøtet 09.12.25 (PDF, 6 MB)