Varm skulemat

Elevane på Lægreid skule har tilbod om eit varmt måltid kvar dag. Tilbodet er delt inn i to grupper: 1.- 4. klasse, og 5. - 10. klasse.

Påmelding

Varm skulemat - påmelding

Varm skulemat - prisar

  • Påmelding gjeld til det vert gjort endring av samtykke i Visma Flyt Skole
  • Påmelding/avmelding må vera lagt inn i Visma Flyt Skole før den 20. i inneverande månad, og vert gjeldande frå den 1. i påfølgande månad

Gje melding til skulen dersom eleven har allergiar, og hugs å levera lege-erklæring.

1. - 4. klasse

  • Det er fast pris pr. månad pr. elev, uavhengig av feriar og fridagar.
  • Elevane har skulemåltid fire dagar i veka.
  • Kvar onsdag må dei sjølve ha med matpakke pga uteskule

5. - 10. klasse

  • Det er fast pris pr. månad pr. elev, uavhengig av feriar og fridagar.
  • Elevane har skulemåltid fem dagar i veka.

Elles

  • Det vil kun vera vatn som drikke til alle måltida på samfunnshuset.
  • Ingen syskenmoderasjon
  • Elevane kan ikkje reservere seg for enkeltmåltid eller enkeltdagar i perioden. Ta med matpakke om det er noko som ikkje fell i smak på menyen.
  • Eidfjord kommune har ansvar for foreldrebetalinga for måltida. Det er månadleg innbetaling. Kommunen sender ut rekning rundt den 6. kvar månad. Betalingsfrist 14 dagar etter fakturadato.
  • Ved manglande betaling kan kommunen sei opp plassen med ein månads skriftleg varsel.
  • Einingsleiarane i oppvekst og rådmann er administrativt ansvarlege for ordninga.
  • Det kjem ut informasjon om meny (gjeld for tre veker) via Visma Flyt Skole, og på infoskjerm på samfunnshuset.

Har du spørsmål, ta kontakt med skulen på telefon eller send e-post til skule@eidfjord.kommune.no
 

Adresse

Lægreidsvegen 5
5783 Eidfjord