Galleri N. Bergslien

Hausten 2001 opna Galleri N. Bergslien. Nils Bergslien (1853 - 1928) var kunstmålar busett i Eidfjord, Galleri N. Bergslien husar ei stor samling av verka hans samt utstillingsrom for skiftande utstillingar.  Galleriet ligg i tilknytning til Hotel Vøringfoss. Både målerisamlinga og galleriet er eigd av Eidfjord kommune. 

Samlinga etter Nils N. Bergslien

Galleri N.Bergslien er bygd for å husa kunsten til Nils Bergslien (1853 - 1928). Nils Bergslien levde sitt vaksne liv i Eidfjord der han slo seg ned og stifta familie. 

Eidfjord kommune har over lang tid bygd opp ei samling av verka til Nils Bergslien både gjennom kjøp og generøse gåver.  Samlinga er variert og viser den store breidda kunstnarskapet til Nils Bergslien hadde. Det er mange som er overraska over både kvaiteten og dimensjonane på kunsten som møter dei i galleriet.  I tilegg til nasjonalromantiske motiv har mykje av kunsten til Bergslien både humor og eit samfunnskritisk blikk til si tid.

Utstillingar 2024

Dragehode former i keramikk - Klikk for stort bilete
Kunstverk i tekstil med haustfargar og lauvformasjonar - Klikk for stort bilete

 

Landskap i djupe hausttonar - Klikk for stort bilete

Bente Kluge

Skulptur
11.04 - 09.06

Bente Kluge opnar sesongen 11. april kl. 18:00. Kluge er ein internasjonal kunstnar, fødd i Canada, oppvaksen i Norge og no busett i Polen.  Ho er utdanna både i Norge og i Polen innan Fine Arts. 
Bente Kluge 

Åse Ljones 

Tekstil
13.06 - 18.08

Åse Ljones si utstilling opnar 13. juni kl. 18:00. Ljones er ein norsk tekstilkunstnar oppvaksen i Strandebarm. Broderia hennar er taktile og har eit grafisk uttyrkk. Ljones er for tida aktuell med utsmykking av Fossehuset,
Åse Ljones 

Lars Gunnar Polden 

Biletkunst
22.08 - 06.10

Lars G. Polden får æra av å avslutta utstillingssesongen med opning 22. august kl. 18:00. Polden er utdanna innan grafisk design. Polden arbeider innan eit breidt spekter både når det gjeld teknikk og motivkrets.
Lars G. Polden 


 

Om Nils Bergslien, jubileumsfilm og informasjon 

Bilete frå Galleri N. Bergslien 

Oversikt over tidlegare utstillingar i Galleri N. Bergslien

Visit Eidfjord si side om Galleri N. Bergslien

Oversikt over cruiseanløp i Eidfjord

Instagram

QR kode galleriet - Klikk for stort bilete

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 97 19 00 23

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Besøksadresse
Ostangvegen 20
5783 Eidfjord

Opningstider

Laurdag og sundag  (6/4 - 9/6)
12.00 - 16.00

Dagleg (10/6 - 18/8)
11.00 - 17.00

Laurdag og sundag (19/8 - 6/10)
12.00 - 16.00

Cruiseskip (1/4 - 9/6 + 19/08 - 31/10)
12.00 - 16.00