Dagsturhytta i Eidfjord

Eidfjord kommune har vedteke å byggja dagsturhytta i Eidfjord. Hytta heiter Aokanbu og vart opna 3. mai 2023. 

Om dagsturhytta

Dagsturhytter finn du no i heile Vestland fylke. Det var fylkeskommunen og Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane som tok initiativ til dagsturhyttene, fyrst i Sogn og Fjordane og seinare i heile Vestland fylke. Målet med hyttene er å stimulera turgleda i trygge rammer, med eit flott turmål 15 – 90 minuttars gange frå løypestart, der du kan eta matpakka di, varma og turka kroppen ved peisen, og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket.

Det er mange kriterium som skal oppfyllast, mellom anna:

  • Lett tilgjengelig , fyrst og fremst for born og unge
  • Maks 15 minutt med bil frå kommunesenter
  • Maks 700 meter over havet
  • Tilgjenge til sti, mulighet for rundløype
  • Tilgjenge heile året

Vestland fylkeskommune sine sider finn du oversikt over alle dagsturhytter i Vestland fylke.

Plassering

Dagsturhytta vart i fyrste omgang sett til Varbergshaugen der det vart gjort avtale med grunneigar. Grunna rasfarevurdeinga av Tussafoten vart heile byggeprosessen sett på vent medan me venta på dette. Sidan dette tok litt tid vart arbeidet med alternativ plassering satt i gang rundt årskiftet. Dette førde til at me plutseleg hadde to alternativ til plassering og to grunneigarar som var positive til å ha dagsturhytta på sin eigedom. Sak om plassering av hytta vart behandla politisk i juni 2022 og valget fall på Storehei ovanfor Lægreid. 

Hytta har fått navnet Aokanbu og er plassert med flott utsikt frå Eidfjordvatnet og heilt til fjorden. Arealet rundt hytta er berg og skog. Det er tilrettelagt sti til hytta for å betra tilkomsten. Skule og barnehage har i dag ein gapahuk som turmål litt nedanfor plasseringa til dagsturhytta og nyttar området ofte. Hytta vert desverre ikkje tilgjengelig for dei som er dårleg til beins, eller barnevogn.

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 97 19 00 23