Velkomen til Aokanbu

No er hytta open og alle kan koma på besøk, her er nokre køyrereglar for bruk av hytta. 

Dagsturhytta er gratis tilgjenge for alle døgnet rundt, året rundt. Målet med hyttene er å stimulera til turglede og friluftsliv. Dagsturhytta er di! Bruk hytta inne, ute og så ofte du vil. Og hugs at det også er alle andre si hytte, så respekter at andre kan bruke hytta mens du er der; og forlat hytta slik du vil finne den sjølv. 

  • Hytta er open for alle
  • Det er ikkje lov å overnatta i hytta
  • Ta med ved til eigen bruk, hugs fyrstikker. Ved du ikkje bruker opp kan du leggja att i boden. Det er difor eit lite reservelager der som kan nyttast om behov.
  • Kos deg med bøkene i nynorsk turbibliotek når du er på hytta
  • Hytta har toalett
  • Ta med søppelet ditt ned frå hytta, det er søppeldunk ved vegen
  • Bålbrenning skal berre føregå i bålpanna, i periodar med tørt terreng vil det vera forbod mot bålbrenning. Syt for at bålet er sløkt før du forlet staden. Du finn gnistfangar og grillrist i vedboden
  • Det er varierande vatn i bekken ved hytta, ta difor med vatn om naudsynt
  • Ta av våte kle og sko på utsida av hytta
  • Hundar skal ikkje inn i hytta
  • Rydd etter deg slik at det er triveleg for nestemann
  • Skriv i hytteboka, denne finn du ved ytterdøra merka med skilt

Eidfjord turlag har tilsyn av hytta og har sitt utstyr lagra i den eine boden. 

Er det skader eller manglar du vil melde frå om ta kontakt med Eidfjord kommune så snart som råd. 

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 97 19 00 23