Eidfjordhallen

 Eidfjordhallen vart opna 7. januar 2001 og er ein normalhall som vert nytta til trening og større arrangement.

Eidfjordhallen er på 1800 m2, der salen kan delast. Idrettshallen rommar også spinningrom, styrketreningsrom, tekjøkken og eit felles areal i 2. høgda. Det er galleri med plass til 240 personar langs med hallen. 

Lægreid skule disponerer hallen i skuletida medan Eidfjord idrettslag disponerer hallen etter kl. 16:30 på vekedagar. 

Styrketreningsrommet er tilgjengelig for brukarar over 18 år. Med unntak av ungdom over 15 år som er sertifisert til bruk av utstyret via styrketreningskurs. 

Styrketrening
Type kort Pris
Årskort 1 250,-
Halvtårskort 625,-
Månadskort/periode 300,-
Vekekort 100,-
Ungdom 15-20 år får 50% rabatt

Lån av Eidfjordhallen som kulturbygg

Retningsliner for bruk av styrkerommet

Eidfjord idrettslag si heimeside

Adresse

Skulevegen 6
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
06.00 - 23.00 (styrkerommmet)