Eidfjord kulturskule tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar innan musikk, dans og drama. Skulen har som mål å utvikla sansar og skapande evner hjå innbyggjarane, uavhengig av alder.
Undervisninga følgjer skuleåret og omfattar 38 undervisningsveker. Elevane får ein undervisningstime i veka, anten som enkeltime eller i gruppe.
Kulturskulen har ikkje opptaksprøve, og alle innbyggjarane i Eidfjord kan søkja om plass.
Bjørne Møen er rektor i kulturskulen, og det er berre å ta kontakt om det er noko du lurar på.
Føreslegne tiltak
- Einingsleiar skule og barnehage
- Felles foreldremøte skule-barnehage
- Nærværsplan - skule
Skildring
Nærværsplan - Plan for å halda skulefråværet nede og fanga opp byrjande skulevegring.
Merknad
- Føreslegne tiltak er gjennomført.
Føreslegne tiltak
ICDP - International Child Development Programme
- ICDP foreldrerettleiing for alle fyrstegongsføresette
- ICDP foreldrerettleiing for føresette med born 0-18 år
Merknad
ICDP foreldrerettleiing for alle fyrstegongsføresette hadde oppstart av i Eidfjord november 2024.