Fritidserklæring

Fritidsarbeidet i Eidfjord kommune skal fremja trivsel ved at barn og unge opplev tilhøyrigheit, sosialt fellesskap, læring, meistring og gleda ved å få tilbod om ulike typar aktivitet, organisert og uorganisert. Fritidsarenaer skal vera tilgjengeleg for alle barn og unge i kommunen, og me skal arbeide for å forebygga utanforskap.

Vår lokale fritidserklæring bygger på FNs konvensjon om barns rettigheiter. Barn og unge er ekspertar på eige liv, og Eidfjord kommune skal difor syta for at barn og unge blir sett og høyrt i prosessar som omhandlar deira fritid. Barn og unge må bli spurt om deira behov og kommunen skal arbeida for å imøtekomma desse.

Me er difor einige om: 

  1. At alle barn og ungdom skal ha moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar og til å delta i leik som passar for barnets alder. Gjennom leik og aktivitet vert barn og ungdom inkludert i fellesskap og opplever meistring. 
  2. At barn og ungdom skal involverast og ha innflyting over sin leik og aktivitetane dei skal delta i. Det vert gjort mykje godt arbeid lokalt og nasjonalt for å inkludera barn og ungdom i sosiale fellesskap og aktivitetar, men vi har ikkje lukkast med å gjera det mogleg for alle å delta. 

Løysinga må finnast i fellesskap, difor vil me: 

  1. Samarbeida lokalt og nasjonalt om at alle barn og ungdom skal få delta jevnleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. 
  2. Fremma betydninga av å satsa på, og synleggjera lokale lag og foreiningars aktivitetstilbod som et viktig verkemiddel for sosial inkludering av barn og unge i lokalsamfunnet.
  3. Formidla gode idear og lokale døme på korleis kommunar og frivilligheit kan samarbeida om å sikre at alle barn og unge har moglegheit til å delta i organiserte fritidstilbod, uavhengig av til dømes kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne, bustad og foreldras sosiale og økonomiske situasjon.
    4.Prioritera barns behov og ynskjer i utviklinga av fritidsarenaen, gjennom å spreia god praksis og systematisere arbeidet med å sikra barns medverknad.
     

Kontakt

Kari Lægreid
Førebyggingskoordinator
E-post
Mobil 95 10 22 55