Frivillige lag i Eidfjord

I Eidfjord finn du eit breitt utval av lag og organisasjonar du kan melda deg inn i. 

Brønnøysundregisteret (enhetsregisteret)

Alle lag og organisasjonar lyt vera registrerte i Brønnøysundregisteret for å kunne opprette bankkonto og få tildelt organisasjonsnummer. Registrerte lag og organisasjonar er pliktig til å halde opplysingane sine oppdaterte. 

Registrer ditt lag eller forening i Brønnøysundregisteret

Frivillighetsregisteret

Foreningar og organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret kan: 

  • delta i Grasrotandelen, som er ei ordning som gjer det mogeleg for spelarar hjå Norsk Tipping å gje ein prosentandel av innsatsbeløpet direkte til ein frivillig organisasjon
  • søkja om momskompensasjon, det vil sei at ein kan søkja om å få kompensasjon for moms dei har betalt ved kjøp av varer og tenester

Registrer ditt lag eller forening i Frivillighetsregisteret

Lag og foreningar heimehøyrande i Eidfjord som er registrert i Frivillighetsregisteret

Tilskot til kulturarbeid 

Frivillige lag og organisasjonar heimehøyrande i Eidfjord har høve til å søkja om tilskot til kulturarbeid. Tilskotet vert lyst ut årleg med søknadsfrist 15. september. 

Informasjon om tilskot til kulturarbeid 

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
Telefon 53 67 35 00

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00