Oppføring av driftsbygningar

For å byggja ny driftsbygning eller tilbygg til eksisterande driftsbygning, må det liggja føre godkjent byggjesøknad frå kommunen. Avhengig av storleiken på bygget, søkjer du om bygging med eller utan ansvarsrett.

Utan ansvarsrett

Ved oppføring av nybygg under 1000 m2 (BRA) kan du søkja utan å ha eit ansvarleg foretak, og gardbrukaren kan sjølv vera ansvarleg for tiltaket. Denne søknadstypen kan også brukast for tilbygg til eksisterande driftsbygning der arealet av eksisterande bygning og tilbygg ikkje overstig 1000 m2 (BRA).

Søknadsskjema for tiltak utan ansvarsrett

Med ansvarsrett

Ved bygging utover arealgrensa på 1000 m2 (BRA), er det krav om bruk av ansvarlege foretak nå ein søkjer om bygging av driftsbygning.

Slik søkjer du