Reglar for investeringstilskot i landbruket

Reglar for investeringstilskot i landbruket

Godkjent av kommunestyret 03.05.2004

  1. Reglane gjeld for
  2. Søknadsfrist o.l.
  3. Sakshandsaming
  4. Generelle vilkår
  5. Etableringstilskot ved generasjonsskifte
  6. Driftsbygningar
  7. Utleigehytter
  8. Vatningsanlegg
  9. Tekniske miljøtiltak
  10. Landbruksvegar
  11. Fulldyrking
  12. Tilskot til kjøp av mjølekvote
  13. Omlegging til økologisk drift
  14. Skogkulturtiltak
  15. Andre tiltak

 

1. Reglane gjeld for

Reglane vert gjort gjeldande for tiltak innan jord- og skogbruk, innanfor midlar avsett til slike formål i årsbudsjettet.

2. Søknadsfrist o.l

Landbrukskontoret lyser ut informasjon om ordninga, søknadsfrist osv. i god tid før søknadsfristen. Søknadsfrist er 1. mai.

Dersom det etter tildeling av avsette midlar viser seg at det er igjen midlar, kan landbrukskontoret innan 1. oktober lysa ut ein ekstra søknadsomgang.

3. Sakshandsaming

Landbrukskontoret førebur saker om kommunalt investeringstilskot. Formannskapet kan innanfor vedteke budsjett og i samsvar med gjeldande regelverk gjera vedtak om tilskot inntil kr 50.000,- pr sak/søkjar. Tilskot utover kr 50.000,- vert å tildela av kommunestyret etter tilråding frå formannskapet.

Tiltak og investeringar som gjeld samarbeid mellom fleire bruk og tekniske miljøtiltak skal prioriterast.

Natur, miljø- og kulturkonsekvensane av omsøkte tiltak skal vera vurderte før det vert gjort vedtak i saka.

4. Generelle vilkår

  1. Krav til søkjar
    Vilkår for å kunne søkja om tilskot er at brukaren er fast busett i kommunen og driv jordbruksdrift med husdyr og/eller planteproduksjon. Landbrukseigedomen og brukaren må fylla vilkåra i Generell forskrift om produksjonstilskot i jordbruket (§3).
     
  2. Krav til tiltaket
    Vilkår for å få investeringstilskot er at tiltaket er skriftleg innmeldt til kommunen før arbeidet vert sett i gang. I planlegging og utføring av arbeidet skal det spesielt takast omsyn til kulturlandskap, fornminne og biologisk mangfald.

    Nødvendig utgreiing, planar og kostnadsoverslag skal fylgja med søknaden og skal godkjennast av landbrukskontoret. Det skal spesifiserast kva som er reelle utgifter og eige arbeid. For eige arbeid og arbeid der ein nyttar eigne maskiner skal ein nytta gjeldande satsar fastsett av Innovasjon Norge.
     
  3. Avgrensing
    Samla offentleg tilskot pr. prosjekt skal ikkje overstiga 60 % av godkjent kostnadsoverslag.
     
  4. Aksept av tilbod om tilskot
    Brukaren aksepterer tilskotet ved å skrive under ein avtale der vilkåra for tilskotet er lista opp.
     
  5. Tilsyn og kontroll
    Landbrukskontoret fører tilsyn med arbeidet. Brukaren må finna seg i naudsynt kontroll i samband med dette, og gje turvande opplysningar. Alle personlege opplysningar vert handsama konfidensielt, både av tilsette og folkevalde.
     
  6. Utbetaling av tilskot
    Tilskotet vert utbetalt etter godkjenning og tilvising frå landbrukskontoret. For tilskot større enn kr 20.000,- kan forskot utbetalast med inntil 75 % av det løyvde tilskotet, når tilsvarande del av arbeidet er utførd. Resten skal utbetalast når heile arbeidet er ferdig.

    For tiltak som vert byggjesakshandsama etter plan- og bygningslova der det er krav om ferdigattest, skal denne leggjast fram før sluttutbetaling kan gjennomførast.
     
  7. Arbeidsfrist
    Arbeidsfrist er to år frå utgangen av det året søknaden vart innvilga. Etter skriftleg grunngjeven søknad, kan landbrukskontoret forlengja fristen med inntil to år.
     
  8. Attendebetaling av tilskotet
    Dersom det syner seg ved kontroll 5 år etter at tilskotet er innvilga at drifta på bruket ikkje er i samsvar med vilkåra for tilskotet og etter intensjonen i søknaden, kan heile eller deler av tilskotet krevjast attendebetalt.

5. Etableringstilskot ved generasjonsskifte

  1. Føremål
    Etablerartilskotet kan gjevast i samband med generasjonsskifte på gardsbruk, (med generasjonsskifte meiner ein overdraging av eigedomen frå eldre til yngre brukar innan familien eller ved fritt sal). Etablerartilskotet kan og gjevast til brukar som har paktingskontrakt for minst 20 år.

    Etablerartilskotet skal vera ei god hjelp for eigaren/paktaren til å setja produksjonsapparatet på bruket i god stand, slik at det styrkjer garden som arbeidsplass, heiltid eller deltid.
    Bruk med dårleg produksjonsapparat vil verta prioritert, samstundes som ein og vil leggja vekt på brukaren sin økonomi.
     
  2. Definisjonar
    Tilskot skal gå til ulike investeringstiltak på bruket som:
    - innkjøp av buskap
    - infrastrukturtiltak og investeringar som ikkje vert dekka av andre tilskotsordningar miljøtiltak
    - planteproduksjonstiltak

    Det skal ikkje ytast tilskot til våningshus eller private stølshus. Det kan likevel ytast tilskot til stølshus på mjølkeproduksjonsbruk som vil starta med aktiv stølsdrift.
     
  3. Vilkår
    Tilskotet kan berre gjevast til den som har skøyte på eigedomen eller som har paktingskontrakt for minst 20 år. Det er eit ufråvikeleg krav at eigaren/paktaren er fast busett i Eidfjord.

    Eigaren skal ha overteke bruket dei siste 5 åra, og han/ho skal ikkje vera over 35 år

    Søkjaren må leggja fram ein framdriftsplan for tiltaka med kostnadoverslag. Minste kostnadsoverslag er sett til kr. 70 000,-

    Ved planteproduksjonstiltak skal det utarbeidast ein enkel produksjonsplan for heile bruket.

    Søkjaren og ev. ektefelle/sambuar må leggja fram utdrag frå likninga og næringsoppgåve for bruket dei siste 3 åra
    .
  4. Tilskot
    Det kan gjevast tilskot med inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag. Maksimum tilskot er kr 70.000,-.
    Tilskot kan gjevast til einskildtiltak eller som del av fleire tiltak.

6. Driftsbygningar

Tilskot kan ytast til bygging, ombygging og større påkostnader på driftsbygningar, (bygningar for husdyr, avlingslager og reiskapsrom), når godkjent kostnadsoverslag overstig kr 50.000,-.

Til anlegg som får statstilskot kan det ytast inntil 10 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag. Til anlegg som ikkje får statstilskot kan det ytast inntil 15 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag.

Ved fellestiltak kan det ytast inntil 20 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag.

7. Utleigehytter

Det kan ytast tilskot med inntil 10 % av godkjent kostnadsoverslag til nybygging av utleigehytter. Tilskotet kan og gjevast til ombygging eller restaurering av eksisterande bygningar på bruket, når bruk til utleige vert dokumentert. Maksimalt tilskot vert avgrensa til kr 25.000,- pr utleigeeining og kr 60.000,- pr. bruk.

8. Vatningsanlegg

Det kan ytast tilskot til vatningsanlegg, både til nye anlegg og til større fomyingar av eldre anlegg, (utover vanleg vedlikehald).

Til enkeltanlegg kan det ytast inntil 25 % tilskot og til fellesanlegg inntil 30 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag.

9. Tekniske miljøtiltak

Det kan ytast tilskot til gjødsellager, avløp frå mjølkerom, pressaft-, silo- og høytørkeanlegg, hydrotekniske anlegg, herunder vegetasjonssoner m.m.

Tilskot kan ytast med inntil 30 % av godkjent kostnadsoverslag når dette er minst kr 10.000,-.

10. Landbruksvegar

Tilskot kan ytast med inntil 30 % av godkjent kostnadsoverslag til jord og skogbruksvegar som ikkje får statstilskot, og tilsvarande inntil 15 % for vegar som får statstilskot.

Vilkår for løyving

  1. Samla plan for heile vegen skal meldast inn til landbrukskontoret for godkjenning før arbeidet vert sett i gang.
  2. Vegtraseen skal i sin heilskap planleggjast slik at den om mogeleg kjem til nytte for fleire bruk.

Dei interesserte, (i fall det er fleire om veganlegget), vert samde om ei fordeling av den del av kostnaden som fell på dei. 

Det kan vidare setjast som vilkår at grunneigarane over ein 10-årsperiode bind seg til å fylgja eit drifts- og vedlikehaldsprogram som vert fastsett av den tenestemann som har arbeidd med vegplanlegginga i samråd med grunneigarane.

11. Fulldyriking

I samband med nydyrkingsprosjekt kan det ytast inntil 30% tilskot av godkjent kostnadsoverslag, avgrensa til maksimalt kr 3.000,- pr da til fulldyrking.

Til grøfting på fulldyrka mark kan det ytast inntil 30 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag, avgrensa til maksimalt kr 1.000,- pr da.

Det kan ytast tilskot til minimum 2 da.

12. Tilskot til kjøp av mjølkekvote

Det kan ytast tilskot til kjøp av mjølkekvote på bruk som har mjølkekyr.

Som vilkår må det setjast at bruket har tilstrekkjeleg forgrunnlag og spreieareal etter sentrale retningslinjer. Evt. tekniske miljøkrav må oppfyllast før det vert ytt slikt kommunalt tilskot.

Det kan gjevast tilskot med inntil 50 % av kostnadsgrunnlaget.

13. Omlegging til økologisk drift

Det kan ytast tilskot til omlegging av areal til økologisk drift når omlegginga er i samsvar med krav frå Debio og krav i Generell forskrift om produksjonstilskot i jordbruket. Det vert ikkje gjeve tilskot til areal som er mindre enn 1 da.

Omleggingstilskotet vert sett til 50% av satsen pr. da av omleggingstilskot til økologisk landbruk i ordninga "Produksjonstilskot i jordbruket". Sats pr. da vert fastsett i jordbruksoppgjeret. 

14. Skogkulturtiltak

Tilskot kan gjevast til formål som fører til:

  • Oppbygging av kvalitetsskog
  • Skjøtsel av kantsoner mot vatn, vassdrag og dyrka mark

Det kan gjevast tilskot med inntil 15 % av godkjent kostnadsoverslag. Kostnaden vert utrekna på same måte som for ordninga "Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket" (TNMS).

15. Andre tiltak

Det kan gjevast tilskot til andre tiltak som kan styrkja bruket som inntektsgrunnlag og arbeidsplass innanfor fylgjande område:

  • Utnytting av utmarksnæring
  • Bevaring av kulturlandskapet
  • Tilrettelegging for vidareforedling av jordbruksprodukt og sal av varer og tenester med grunnlag i bruket sine ressursar

Tilskot kan ytast med inntil 30 % av godkjent kostnadsoverslag når dette er minst kr 30.000,-. Maksimalt tilskot pr prosjekt vert sett til kr 50.000,-.