Ørekyt

Phoxinus phoxinus

Ørekyt er ein karpefisk som ikkje vert stort større enn 12 cm. Den likar seg i klart, strøymande vatn og klare innsjøar. Ho har spreidd seg godt slik at ho no finst i alle fylka i landet, og ho er i ferd med å spreie seg over store delar av Hardangervidda. Den første introduksjonen til Hardangervidda skjedde truleg til Ørterenmagasinet i Hol kommune i 1973.

Ørekyt et skjoldkreps og marflo, som gjer ho til ein sterk næringskonkurrent for ung aure og dykkender. Stor aure et ørekyt noko som tilføyer eit ekstra trofisk nivå, og me får ein opphoping av miljøgifter og tungmetall hos auren. Dette gjer auren meir ueigna som matfisk for menneske.

Det kom ørekyt ved Stigstuv i 1990 og det vart hausten 1995 laga ei sperre for å hindre spreiing vestover. Det er stor spreiingsfare frå Stigstuv til sentrale delar av Hardangervidda. Det er etablert ei buffersone på vidda, der det er etablert to fiskesperrer for å hindre vandring inn i buffersona. Det er også lagt to vollar opp mot vasskiljet. Buffersona ligg mellom eksisterande lokalitetar med ørekyte og vasskiljet i vest der det ikkje skal vere ørekyte, og skal redusere sannsynet for spreiing. Alle vassførekomstar i området mellom fiskesperrer og vasskiljet er behandla med rotenon, og i 2015 vart det anlagt nye sperrefossar. Fjellstyret driv i samarbeid med Statsforvaltaren overvaking av sperrene.

Menneskelege aktivitetar kan bidra til at ørekyta spreiar seg. Fisken er brukt som levande agn, til tross for at det er forbode å nytte levande agn i Noreg.