Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda nasjonalpark vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1981. Nasjonalparken famnar om kommunane Eidfjord, Ullensvang, Vinje, Tinn, Hol og Nore og Uvdal. Føremålet med vernet slik det står i forskrifta er «å verne ein del av eit særleg verdifullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart, samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvenleg friluftsliv og naturoppleving, jakt og fiske og undervisning og forsking». Forskrifta skildrar elles kva som ikkje er lov i parken.
Hardangervidda er også eit «Important bird and biodiversity area» (IBA), altså viktig område for fugl og biologisk mangfald.

Kven har ansvaret for vidda? Dei andre nasjonalparkane i Noreg vert forvalta av eit eige nasjonalparkstyre der vertskommunane og fylkeskommunane er representert. Dei har også fast tilsette nasjonalparkforvaltarar som serketærar. Nasjonalparkar vert forvalta av regionale styre med statleg oppnemnde medlem. Hardangervidda er spesiell, då parken vert forvalta av tre fylkesvise tilsynsutval og dei tre involverte statsforvaltarane i Vestland, Oslo og Viken og Vestfold og Telemark. Det er mykje diskusjon kring korleis nasjonalparken skal verte forvalta i framtida.

Eidfjord har fleire nasjonale ansvarsartar, som er artar der bestanden i Noreg utgjer 25 % av den europeiske bestanden. Villrein er ein av dei, og i Noreg finst den største bestanden på Hardangervidda. Det vil seie at Eidfjord kommune, saman med dei andre kommunane som Hardangervidda er ein del av, har eit særskilt ansvar for at villreinen ikkje døyr ut i Europa.

I Eidfjord kommune ligg Norsk Natursenter Hardanger, eit av besøkssentera for Hardangervidda nasjonalpark. Her kan besøkande lære meir om nasjonalparken, villreinen, geologi og mykje meir.

Forvaltningsplan Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde (PDF, 11 MB)