Skulefritidsordninga (SFO)

Påmelding SFO

Kva tilbyr me?

  • Skulen har heildagstilbod i SFO
  • Samarbeid med kulturskulen for elevar som har timar der

Kven kan få tilbodet?

Elevar frå 1. - 4. klasse kan melda seg på.

Kvar held SFO til?

SFO held til i kjellaretasjen på Lægreid skule

Kva kostar det?

Moderasjonsordningar

Det finst 3 moderasjonsordningar i SFO

  • 12 timar gratis SFO per veke for elevar på 1.–4. trinn
  • Redusert foreldrebetaling for elevar på 1.–4. trinn
  • Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.–7. trinn

Moderasjonsordningar 

Redusert foreldrebetaling  

Kven kan søkja?

Foreldrebetalinga skal ikkje utgjera meir enn maksimalt seks prosent av den samla skattepliktige kapital- og personinntekta i hushaldet per elev.  

Hushald betyr ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Sambuarar vert definert som «to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn».

For foreldre med delt omsorg vert foreldrebetalinga rekna ut frå inntekta til det hushaldet der barnet har folkeregistrert adressa.

Dokumentasjon

Saman med søknaden må du senda inn skattemelding for alle i hushaldet. Dersom inntekta er annleis enn det som står i skattemeldinga, må du leggja ved dokumentasjon på dette, til dømes lønsslipp eller utbetalingsmelding frå NAV.  

Slik søkjer du

  • Du kan søkja heile året.
  • Vedtak gjeld frå månaden etter komplett søknad er moteken
  • Ved stort og varig inntektstap kan du søkja om ny berekning
  • Du må søkja på nytt for kvart skuleår.

Søk om redusert foreldrebetaling

Linkar

Søk om redusert foreldrebetaling

Vedtekter SFO

Årsplan SFO (PDF, 5 MB)

Adresse

Skulevegen 4
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
07.15 - 08.30
13.20 - 16.30