Feiing og tilsyn

Det er Vestnorske feiartjenester AS som utfører feiing og tilsyn på vegne av Eidfjord kommune.

Forskrift om brannførebygging frå 01.01.2016 pålegg kommunar å feia alle bygningar som har pipe/eldstad. Fritidsbustadar inngår i denne ordninga.

Når kjem feiaren?

Feiing/tilsyn skal utførast ved behov. Du vert varsla på SMS før feiaren kjem. Om du er usikker på om me har riktig kontaktinformasjon, kan du sjekka kva telefonnummer me har registrert på deg

Kva vert utført?

  • Heile fyringsanlegget (eldstad og skorstein) vert kontrollert.
  • Etter behov vert røykkanal feia.
  • Det vert lagt vekt på brannførebyggjande informasjon om til dømes røykvarslarar, rømmingsvegar, sløkkjeutstyr og rett fyring.

Ditt ansvar før feiaren kjem

  • Ha klar ein stige opp til taket
  • Sørgja for at det er takstige
  • Sørgja for fri tilgang til skorstein/pipe og sotluke
  • Dersom feiing ikkje skjer frå tak, må feiaren ha tilgang til røykkanal

Pris for feiing/tilsyn

Merk at kostnaden er fordelt på 2 og 4 år. Det vil sei at du òg betalar dei åra du ikkje har feiing/tilsyn.

Feiing/tilsyn
Årsavgift Pris
Bustadhus (kvart 2. år) kr 518,-
Hytter/fritidshus (kvart 4. år) kr 293,-

Feiing/tilsyn av fritidsbustader

Sjå kva adresser som skal kontrollerast/feiast dei ulike åra. I fyrste omgang er det alle fritidsbustader innan 250 meter frå køyrbar veg som skal få utført denne tenesta.

Feiing/tilsyn i 2019

Feiing/tilsyn i 2020

Feiing/tilsyn i 2021

Feiing/tilsyn i 2022

Feiing/tilsyn i 2023

Fritak for feiing

Om bygningen ikkje er i bruk, kan du søkja om fritak for feiing. Pipa må vera plombert, eller omnen må vera fysisk fjerna. Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Kontakt

Vestnorske feiartjenester AS
Mobil 91 70 82 77