Gjerder, levegg eller støyskjerm

Kva er forskjellen?

  • Gjerde er ein delvis åpen kontruksjon som skil to områder frå kvarandre. Eit gjerde kan bestå av ulike material, og dei opne delane bør utgjera minst 50 % av konstruksjonen.
  • Levegg er ein tett skjerm som hindrar innsyn og gjev le for blant anna støy og vind. Ein levegg kan vera frittståande eller i tilknyting til ein bygning.
  • Støyskjerm er en tett skjerm som hindrar innsyn og støy, og gjev le for vind. Støyskjermen er ofte lengre enn ein levegg og har lyddempande material.

Du treng ikkje søkja

  • Dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan
  • Dersom gjerde er åpent og luftig til nabogrensa, og høgda er maksimalt 1,5 meter
  • Dersom gjerde på grensa til regulert veg er lågare enn 0,5 meter og ikkje hindrar siktforhalda
  • Dersom leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 10 meter lang, samstundes som den vert plassert inntil 1 meter frå nabogrensa. Den må òg plasserast med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg.
  • Dersom leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 5 meter lang, plassert i nabogrensa og med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Rettleiar for plassering av byggverk nær offentleg veg

Slik søkjer du

Fagfolk må søkja for deg

  • Dersom du skal setja opp eller riva ein støyskjerm

Finn føretak med sentral godkjenning

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00