Intern veg eller biloppstillingsplassIntern veg på tomt er tilkomstveg eller veg mellom bygg på same tomt. Du treng ikkje søkja Dersom du skal byggja intern veg eller biloppstillingsplass på tomt, der det er minst 1 meter til nabogrensa. Merk at vegen må vera til eigedomen sitt bruk, og bygging av vegen kan ikkje medføra vesentleg terrenginngrep. Fagfolk må søkja for deg Dersom du skal byggja veg som ikkje er omfatta av unntaket frå søknadsplikta Finn føretak med sentral godkjenning Om vegen skal knytast til offentleg veg, kan du lesa meir om avkøyringar her. Publisert 21.03.2019 07.45