Einebustad eller fritidsbustad

I hovudsak kan du ikkje senda byggjesøknad sjølv når du skal byggja eller riva ein einebustad eller fritidsbustad. Fagfolk må utarbeida søknaden og vera ansvarleg søkjar.

Di rolle i byggjesaka er tiltakshavar. Du eig tiltaket, men overlet ansvaret med søknad og prosjektering og bygging/riving til fagfolk. Føretaka som skal ha ansvaret må erklæra ansvarsrett for byggjetiltaket som del av søknaden.

Finn føretak med sentral godkjenning

Du kan sjølv vera ansvarleg søkjar

  • Dersom einebustaden eller fritidsbustaden er din eigen og skal vera til eigen bruk
  • Dersom du søkjer om å få godkjent ansvarsrett som sjølvbyggjar etter SAK10 § 6-8 Då kan du påta deg ansvaret for heile eller delar av byggjetiltaket.

Merk at dersom du skal føra opp eit bygg som i fylgje reguleringsplanen skal knytast til offentleg godkjent VA-anlegg, må søknad om sanitærabonnement fylgja byggjesøknaden. Dette gjeld for dei fleste områder i Eidfjord kommune. Tilkoplinga vert å rekna som eit eige tiltak, men vert handsama i same byggjesak.

Slik søkjer du

Kontakt

Rebecca Mørkve
Byggesaksbehandlar
Telefon 53 67 36 55
Mobil 90 16 34 31

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00