Platting, terrasse, veranda eller balkong

Kva er forskjellen?

  • Platting og terrasse er konstruksjonar for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget.
  • Veranda er ein open bygningsdel, understøtta og eventuelt med tak.
  • Balkong er ein utstikkande og open bygningsdel med rekkverk, utan understøtte.

Du treng ikkje søkja

  • Dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan
  • Dersom terrassen har ei høgd på inntil 1 meter frå eksisterande terreng, og heng saman med ei bygning og ikkje stikk lengre ut frå bygningens fasadeliv enn 4,0 meter. Slike terrasser kan ha rekkverk på inntil 1,2 meter men kan ikkje vera overbygde. Avstand til nabogrense skal vere minst 1 meter
  • Dersom tilbygget er på inntil 15 kvadratmeter bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA). Tilbygget må vera understøtta, kan ikkje overstiga to etasjar og må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa.
  • Dersom tiltaket vert bygd med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg
  • Utfyllande informasjon om kva tiltak ein kan føre opp utan å søkja finn ein i byggsaksforskrifta §4-1

Melding om bygning

Tiltak som ikkje er søknadspliktige skal meldes kommunen innan fire veker etter at det er ferdigstilt. Me ber om at de nyttar skjema for tiltak unntatt søknadsplikt

Skjema for innmelding

Du kan søkja sjølv

  • Dersom terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
  • Dersom verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og vert bygd på einebustad, tomannsbustad eller mindre rekkjehus

Slik søkjer du

Fagfolk må søkja for deg

  • Dersom plattingen eller terrassen er over 50 kvadratmeter
  • Dersom du skal byggja eller riva ein takterrasse
  • Dersom du skal byggja eller riva ein balkong

Finn føretak med sentral godkjenning

Kontakt

Rebecca Mørkve
Byggesaksbehandlar
Telefon 53 67 36 55
Mobil 90 16 34 31

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00