Tiltak innanfor Hardangervidda nasjonalparkFullstendig byggjesøknad sender du til kommunen.Slik søkjer duSøknadsprosessSøknaden må handsamast etter både vernereglane for nasjonalparken og etter plan- og bygningslova. Statsforvaltaren i Vestland eller Tilsynsutvalet for Hardangervidda fattar vedtak etter vernereglane.Når kommunen har motteke søknaden, vil me senda den vidare til fylkeskommunen, Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet, Statsforvaltaren i Vestland og Tilsynsutvalet for Hardangervidda, som skal uttala seg til saka eller fatta vedtak etter vernereglane. Dersom tiltaket gjeld på Statskog sin grunn, skal søknaden sendast dei for godkjenning før me kan gå vidare med handsaminga.Dersom tiltaket gjeld innafor eit sameige må dei godkjenna det før me kan gå vidare med handsaminga.Når vedtak er fatta etter vernereglane, skal kommunen handsama saka og fatta vedtak etter plan- og bygningslova.HandsamingstidMe gjer merksam på at byggjesaker for tiltak i nasjonalparken tek lengre tid å handsama enn andre byggjesaker. Dei skal handsamast etter to regelverk, og vanlegvis skal det gjennomførast synfaring. Synfaring kan berre skje når området er snøfritt.Forskrift om vern for Hardangervidda nasjonalparkByggesaksveiledar (link til pdf) Publisert 21.03.2019 13.49