Kart og eigedomsinformasjon

Treng du oversikt over planstatus i eit område, tinglyste forhold eller nabolister? Mykje informasjon finn du enkelt fram til sjølv, men du har også moglegheit for å bestilla det du treng hjå kommunen.

Sjølvbetening

Kart over Eidfjord

Kommunen si kartløysing er gratis, og gjer deg mellom anna informasjon om eigedomar og planstatus. Du kan også skru på ynskja kartlag, gjera målingar i kartet og skriva dei ut.

Om du treng informasjon frå grunnboka over tinglyste forhold på ein eigedom, kan du bruka Kartverket sin søkemotor Se eiendom. Ved å logga inn med til dømes BankID eller BankID på mobil, får du tilgang til grunnboksbladet.

Bestill eigedomsinformasjon og kart

Me sel informasjon gjennom Ambita Infoland. Ved å fylgja linken under kan du blant anna bestilla:

  • Eigedomsmeklarpakke for bebygd og ubebygd eigedom
  • Utsnitt frå gjeldande reguleringsplanar og føresegner
  • Nabolister

Bestill eigedomsinformasjon og kart gjennom Ambita Infoland

Prisar for dei ulike produkta kjem opp under Bestillingsprodukter når du har søkt opp ein eigedom.

Du kan også ta direkte kontakt med oss, der du opplyser om kva du treng. Oversikt over prisar finn du her.

Kontakt

Åshild Djønne Eriksen
Konsulent Drift & Forvaltning/Beredskapskoordinator
E-post
Mobil 97 76 71 80
Rebecka Friis
Avdelingsleiar Forvaltning
E-post
Telefon 53 67 36 64
Mobil 41 84 96 48
Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 48 35 75 52

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00