Deling av eigedom er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. Dersom det vert gjeve løyve, må det gjennomførast ei oppmålingsforretning, der den nye eigedomen vert merka og målt.
Resultatet av oppmålingsforretninga vert ført inn i matrikkelen som er Norges offisielle eigedomsregister. Etter at eigedomen er ført i matrikkelen, blir den sendt vidare til tinglysing. Fyrst når eigedomen er tinglyst er eigedomen å rekna som oppretta.
Ei delesak vert alltid avslutta ved å senda ut matrikkelbrev til partane. Partane lyt sjølv skriva skøyte og tinglysa dette etter at eigedomen er oppretta og matrikkelbrevet er mottatt.
Du kan nytta sentrale søknadsskjema:
- Dispensasjon
Dersom søknaden ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan, eller der det om søkte tiltaket ligg i 100 meters beltet til sjø eller vassdrag, må det liggja ved ein søknad om dispensasjon.
- Urådighetserklæring
Dersom nokon har ein urådighet på eigedomen som skal frådelast, må det leggjast ved ein urådighetserklæring.
Publisert 01.03.2019 10.42