Stønad til miljøsertifiseringEidfjord har kommune har miljøsertifisert kommunehuset i 2018 og vil no skapa insentiver for å stimulera næringslivet til miljøleiing!Norske kommunar og fylkeskommunar er viktige aktører for å redusera klimagassutslepp i Noreg. Det kan dei gjera gjennom eigen drift, og gjennom å påverka andre aktører – særleg næringslivet. Lokale enkeltverksemder og arrangement kan no søkja om stønad til fyrstegongs miljøsertifisering. Eidfjord kommune vil dekka faktiske kostnader for etableringsgebyr (inntil kr 10 000,-), konsulent (inntil kr 50 000,-) og sertifisør (inntil kr 10 000,-). Enkeltverksemder eller arrangement som vil benytta seg av andre sertifiseringsordningar kan få dekket tilsvarande kostnader inntil ein totalramme på kr 70000,-.Per dags dato er kr 200 000,- frå næringsfondet øyremerka til denne stønadsordninga og ein søknad om tilsvarande sum frå Hordaland fylkeskommune sin tilskotsordning Næringsutviklingsprosjekt med fokus på auka grøn konkurransekraft er under behandling. Publisert 07.06.2019 12.04 Sist endra 06.03.2024 10.44