Oppstart arbeid med planstrategi 2024-2027

Nytt kommunestyre er konstituert, og arbeidet med ein planstrategi for valperioden 2023-2027 skal igangsetjast. I tråd med plan- og bygningslova §10-1 startar rådmannen opp arbeidet med kommunal planstrategi for 2023-2027.

Plan- og bygningslova §10-1 legg føringar for at kommunestyret minst ein gong i kvar valperiode, seinast eit år etter kontinuering, utarbeida og vedta ein kommunal planstrategi. Ein kommunal planstrategi skal bidra til å avklara kva planoppgåver Eidfjord kommune skal prioritera i kommunestyreperioden. Det vart i sak 24/009 i Eidfjord kommunestyre vedteke oppstart av arbeidet. 

Bakgrunn for kommunal planstrategi

Planstrategien er ikkje ein plan, og skal ikkje ta stilling til innhaldet i planane. Den skal synleggjera utviklingstrekka i kommunen, og peika på planbehov for å styra utviklinga i den retninga ein ynskjer. Planstrategien skal ta stilling til kva planer det nye kommunestyret meiner skal setjast i gang, reviderast eller vidareførast. 

Dei overordna kommuneplanane (samfunnsdelen og arealdelen) skal gjennom planstrategien takast stilling til om skal reviderast eller vidareførast. Planstrategien får ingen direkte rettsverknad for kommunens innbyggjarar, men skal nyttast i prioriteringsarbeidet til dei folkevalde.

Det er krav til samarbeid med statlege og regionale mynder og nabokommunar, men det er ikkje høve for mynder å fremja motsegn til planstrategien. Kommunen skal gjennom strategien ta omsyn til regional og nasjonal politikk. Retningsliner og forventningar til kommunal planlegging frå overordna mynder vert lagt til grunn for arbeidet.

Plan for arbeidet

Rådmannen har igangsatt arbeidet med planstrategi for valperiode 2023-2027. Det skal utformast eit kunnskapsgrunnlag som skal syna kommunen sin status og utfordringar knytt til demografi, næringsutvikling og klima og miljø.  Kunnskapsgrunnlaget skal liggja til grunn for val av planoppgåver i planstrategien.

Planstrategien skal etter lova leggjast på høyring til innbyggjarar og regionale mynder. Det er etter tidsplanen lagt opp til høyringsperiode mot sommaren 2024. Planstrategien skal vedtakast seinast oktober 2024.

Politisk styringsgruppa

Til arbeidet er det nedsett ei politisk styringsgruppa som består av formannskapet i Eidfjord kommune.

Artikkelliste

Kontakt

Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 48 35 75 52