Folkemøter og temamøter

Skal me leggja tilrette for eit handelsområde på Bu? Mogleg batterifabrikk i Simadal? Og me må jo sjølsagt ha ein gondol til Øktanuten og zipline ved Vøringfossen. Eller kva syns du?

I samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel har me gjennomført folkemøter for å ta temperaturen på bygda. Me har ynskja å sjå kva tankar og idear som rørar seg. Det har samstundes vert opna for konkrete innspel som kan leverast digitalt via kommunen sine nettsider.

Folkemøter 

Gjennom hausten 2022 har Eidfjord kommune i samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel gjennomført folkemøter. Føremålet med folkemøtene er å få fram meiningar og tankar knytt til bygda. 

Me gjennomførte folkemøter i dei ulike bygdesentrene i kommunen; Bu, Sysendalen, Eidfjord (Simadal) og Øvre Eidfjord. Folkemøta hadde fokus på dialog, tankar og innspel frå bygdas innbyggjare. Prosjektleiar for kommuneplanen sin arealdel gjennomgikk teoretisk kva arealdelen er og kva den inneber for kommunen og innbyggjarane for framtida. Det vert og orientert om prosessen vidare, og kva tidshorisont prosjektet har.

Kommunen stilte i folkemøtene med representantar frå prosjektgruppa og styringsgruppa for kommuneplanen sin arealdel. Representantane frå prosjektet gikk i dialog med oppmøtte deltakarane.

I møtene noterte me flittig, dette har resultert i ein rapport som gjev ei oversikt over tankane frå folkemøta.  Innspela frå folkemøta er samla i stikkordsform, som notert i referat frå møtet.

Nokre av innspela som går igjen på tvers av møtene:

  • Leggja til rette for nytt bustadareal
  • Sikra gang- og sykkelveg på langs og tvers i kommunen
  • Ha tilgjengeleg næringsareal for næringsutvikling
  • Vurdera situasjonen kring fritidsbustadbygging og behovet til fritidsbustadeigarane
  • Vidareutvikla sentrumsområda i Eidfjord
  • Leggja til rette for Hardangerviddatunnelane som alternativ trasé over Rv7 Hardangervidda

Rapport folkemøter 2022 (PDF, 474 kB)

Innspela som vert gjeve i samband med folkemøta vil takast med vidare i prosessen med rullering av arealdelen. Innspela vert publisert for offentlegheita for å inkludera bygda i kva tankar som røra seg. Kva innspel me skal arbeida vidare med skal diskuterast og silast i prosjektgruppa.

Temamøter

For å fylgja opp folkemøta har me gjennomført temamøter; heilårsstaden og stoppestaden Eidfjord. Temamøta hadde som føremål å reflektera tankar med bakgrunn i folkemøta, gjennom problemstillingar og drøfting av forslag til løysingar. Temamøta hadde fokusområder henholdsvis innbyggjar og vitjar i Eidfjord.

Heilårsstaden Eidfjord – korleis leggja til rette for innbyggjarar?

Temamøtet hadde fokus på innbyggjarbehov i bygda. Undertema vert mellomanna bustad og næring. Til dømes kor har ein behov for bustad, kva type bustad har ein behov for og i kva kvanta. Areal til næring er naudsynt for utviklinga til staden, dog er det store forskjellar i kva kvalitetar ein verdsetta i næringsareal alt etter næring.

Mellom heilårsstaden og stoppestaden ligg spørsmålet om utvikling i Sysendalen. Sysendalen er ein kjelde til fritidsbustadturistar, nærings- og aktivitetsgrunnlag. Dette nyter både innbyggjar og vitjar godt av. Dimensjonen med næring knytt til utbygging, drift og vedlikehald vert teke inn under temaet heilårsstaden.

Døme på problemstillingar:

  • Kva bustad treng mem kvar skal den ligga?
  • Kva næring, og kor ynskjer me næringa?
  • Korleis skal fritidsbustadområda i Eidfjord sjå ut?

Stoppestaden Eidfjord - kvifor skal vitjande velgja Eidfjord?

Temamøtet hadde fokus på tema og problemstillingar som knyttast til vitjande i kommunen. Her vil me drøfta korleis ein kan tilretteleggja for turisme i kommunen, då via infrastruktur, attraksjonar og næringar. Konkrete element som kom fram i folkemøta er mellom anna gondolbane, bru over Eio v/Soget, Hardangerviddatunnell(ane) og rasteplassar, bubilparkering og lastebilstopp. Møtetematikken er kor me ynskjer at turisten skal ferdast, korleis dei skal ferdast og kvifor dei skal komma til Eidfjord.

Under stoppestaden vert utviklinga i Sysendalen omtala med fritidsbustadbygging og næringstilbod for vitjande. Det vil vera fokus på korleis Sysendalen fungera som besøksområde, og kva potensiale for vidareutvikling er.

Døme på problemstillingar:

  • Kva aktivitetar eller opplevingar ynskjer me vera kjent for?
  • Kva tiltak skal til for å gjera sentrumsområda meir attraktive?
  • Korleis betra trafikkfloka?
  • Korleis skal fritidsbustadområda i Eidfjord sjå ut?

Under finn du dokument med oppsummering av elementa som vært trekt fram i temamøta:

Rapport temamøter 2023 (PDF, 476 kB)

Kontakt

Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 48 35 75 52