Bustadpolitisk strategiplan

Temaplanen tar opp korleis busituasjonen i Eidfjord kommune er, og korleis me skal arbeida med den for framtida.  

"I henhold til norsk bustadpolitikk seier regjeringa at den ønskjer at alle skal kunne bu trygt og godt. fin god bustad er ein føresetnad for eit godt og meiningsfylt liv, og det er difor viktig at alle kan sikrast ein bustad som tilfredstil/er deira behov. Regjeringa ønskjer at flest mog/eg av dei som ønskjer det, skal kunne etablere seg i eigen eid bustad. Byggjeprosessen skal vera brukarven/eg og effektiv. Bustader og bygg skal vera sikre, og omsynet til universell utforming, miljøvern og god kvalitet skal stå sentralt i byggeverksemda. Regjeringa ønskjer at det bygde miljøet utformast med omsyn til berekraftig utvikling"

Eidfjord har aukande folketal og endring i alderssamansetjing som tilseier behov for eit meir variert bustadtilbod tilpassa framtida.

Hardangerrådet har gjennom Flytt til Hardanger (FTH) stort fokus på utvikling av eit variert og godt bustadmarknad. Det vert arbeidd med å utvikla kommunane i Hardanger til å verta endå meir attraktive bukommunar, og med erfaring frå fleire år med tilflyttararbeid i regionen. Det vart i juni 2011 fatta eit vedtak i Hardangerrådet der ein støtta at FTH skulle søkja Husbanken om å få utarbeidd ei analyse av bustadmarknaden i Hardanger med det føremål å utarbeida ein lokal- og regional bustadplan.

Planen har vore utarbeidd med eit breitt fagleg innspel frå ulike sektorar i kommunen. NAV Eidfjord, Pleie og omsorg, Helseavdelinga, Eidfjord utvikling, Kommunal teknisk drift og rådmannstab og planavdelinga har deltatt i kartlegginga.

Bustadpolitisk strategiplan Eidfjord kommune (PDF, 5 MB)