Sti- og løypeplan for Sysendalen 2013-2025

Eidfjord kommune skal legge til rette for eit sti- og løypenett i Sysendalen, til beste for fastbuande, hyttefolk og tilreisande på eit berekraftig grunnlag.

Sti- og løypeplanen for Sysendalen har fastsett sti- og løypetraseane i detalj i Sysendalen etter ein heilskapleg vurdering. Planen legg føringar for opparbeiing, ansvarsforhold, peika på tiltak og finansiering av tiltak knytt til sti- og løypearbeid.

Planen har form som ein temaplan. Det betyr at kart ikkje vert juridisk bindande for grunneigarar, men den vert førande for reguleringsplanarbeid og kommunens arbeid med å sikra avtalar med grunneigarane til rett å oppretthalde, drifta og vedlikehalde stiar og løyper.

Sti- og løypeplan for Sysendalen 2013-2025 (PDF, 164 kB)

Løypekart for Sysendalen (PDF, 12 MB)

Sti- og løypeplanen er videre innarbeida i Kommunedelplan for Sysendalen, som gjer planen juridisk bindande.