Auke i kommunale avgifter for 2024

Faktura for 1 kvartal –24  kommunale avgifter vart sendt ut 29.02.2024.

Auke

Kommunen har motteke ein del spørsmål om auken i gebyrsatsane. Eidfjord kommunestyre vedtok satsane for dei kommunale eigedomsgebyra i desember 2023. Gebyra auka mykje i 2024, og då særleg for Sysendalen avgiftområde.

Sysendalen avgiftsområde

  • Vatn      35  %
  • Avløp    65 %  

Eidfjord avgiftsområde

  • Avløp    35 %

Årsak

Årsaka til den store auken er i hovudsak budsjetterte låneopptak til det nye renseanlegget som er vedteke bygd. Renseanlegget er kalkuleret til ca 160 mill., og skal dekkjast av sjølvkost (dvs. av abonnentane).  I tillegg slår det høge rentenivået inn.

Kommunen har ikkje høve til å fakturera høgare gebyr enn kva tenesta kostar (sjølvkost).