Babysymjing

Torsdag 14. september er det oppstart av babysymjing.

Om kurset

  • For born i alderen 6 veker til 2 år, med ei minstevekt på 4 kg
  • Kurset vil gå over 8 veker.  
  • Det er plass til maks 6 born i bassenget.
  • Kurset vil gå på dagtid mellom kl. 13.45-15.00 
  • Pris: 800,- 
  • Stad: Terapibassenget på kommunehuset  

Påmelding

Frist for påmelding er måndag 4. september. Eidfjordingar har førsteprioritet, men er det ledige plassar får utbygdingar vera med òg.

Påmelding og spørsmål kan du senda til Gisella Vinge på tlf. 95040867.