Vedtak av Barnas talsperson
Administrasjonen i Eidfjord kommune vedtek at Anja Helene Bergo, BTI-koordinator, får rolla som Barnas talsperson i Eidfjord kommune. Liv Kristoffersen, sosiallærar og elevrådskontakt, er sett som vara til rolla. Verva er gjeldande gjennom valperioden 2023-2027.
Anja Helene Bergo er for tida i permisjon, og det er difor vara Liv Kristoffersen som er fungerande talsperson.
Lovverk knytt til Barnas talsperson
Rikspolitiske retningsliner for å styrka born og unge sine interesser i planlegginga vart vedteke i statsråd 1. september 1989. Retningslinene legg føringar for korleis barn og unge skal ivaretakast i planlegginga. I føremålsparagrafen til plan- og bygningslova § 1-1 femte ledd vert omsynet til interesser hjå barn og unge påpeika. Vidare er dette forankra i plan- og bygningslova gjennom §3-3 tredje ledd som legg føringar for at kommunestyret skal sørga for å etablera ei særskilt ordning for å ivareta barn og unge sine interesser i planlegginga.
Føremål med Barnas talsperson
Intensjonen er at ein person vert oppnemnt til Barnas talsperson for at barn og unge sine interesser skal verta betre synleggjort og teke i vare i all plan- og byggjesakshandsaming i kommunen. Representanten skal ha fokus på trygge og gode oppvekstvilkår, samt sikra områder som gjev grunnlag for god helsa.
Representanten skal involverast tidlegast mogleg i plan- og byggjesaksrelaterte utfordringar knytt til barn og unge. Barnas talsperson har møte- og talerett i alle kommunale folkevalde organ, med unntak av kontrollutvalet.
Vervet til Barnas talsperson går parallelt med valperiodar. Val av representant vil gjelda frå 2023-2027. Det er ein føresetnad av vedkommande med vervet gjer seg kjent med forholda for barn og unge i kommunen.
I tråd med vedtak i sak 23/104 frå Eidfjord kommunestyre er mynde for å delegera ansvaret knytt til Barnas talsperson delegert til rådmannen ved administrasjonen.
Link til tematide
Nysgjerrig på Barnas talsperson, eller behov for å ta kontakt med representantane?
Barnas talsperson i plan- og byggjesaker - Eidfjord kommune