Eidfjord på topp!

Kommunehuset har vore Miljøfyrtårn sidan 2018. For å fremja sertifiseringsordninga oppretta Eidfjord kommune i 2020 ein stønadsordning for verksemder og arrangement som var motiverte til å jobba målretta med miljøforbetringar. Det gav uttelling!

Eidfjord

I dag toppar Eidfjord kommune lista over kommunar med flest sertifikat i forhold til folketalet framføre Hemsedal og Flå med desse lokale Miljøfyrtårn:

  • Best Adventures AS
  • Destinasjon Eidfjord
  • Eidfjord kommunehus
  • Halne Fjellstugu AS
  • Hardanger Matkulturfestival
  • Norconsult AS - Eidfjord
  • Norseman Xtreme Triathlon
  • Sæbø Camping AS

Takk

Takk til desse engasjerte verksemdene og arrangement, og lykke til med utviklingsarbeidet for ei meir berekraftig framtid!

Sertifisering

Eidfjord kommune har starta ein prosess for å sertifisera heile den kommunale verksemda, og målet er at alle einigar er sertifisert innan 2022. Grunna denne ressurs- og kostnadskrevjande prosessen er det ikkje lyst ut ei liknande stønadsordning for fyrstegongssertifiering i 2021. Men ta kontakt om du og di verksemd er interessert i å verta Miljøfyrtårn, så kan me ta dette med i vurderinga for 2022.

Miljøfyrtårn - topp 15 etter folketal
 

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00