Eigenberedskapsveka 2023

Eigenberdskapsveka 2023, 30.10 - 5.11. Slik vert du betre førebudd på krise

Øve

Tema for Eigenberedskapsveka 2023 er "Øve".  Me oppfordrar alle innbyggjarar til å øva og ta nødvendige grep for å styrkja eigenberedskapen.

sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføra på mobilen. I tillegg vert det gjeve mange gode tips om korleis du kan få dekka grunnleggjande behov i ein krisesituasjon.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Ved store hendingar og kriser kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Styresmaktene må prioritera hjelp til dei som treng det mest.  Det vil seie at mange innbyggjarar må vera førebudde på å klara seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, dersom dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller det vert vanskeleg å koma seg ut for å handla.

Heile Noreg øver

Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtera det. Øving skapar medvit og gjev kunnskap og trening. Det gjer at me står betre rusta til å koma oss gjennom små og store kriser.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår alle husstandar i landet til å styrkja eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka vert arrangert av DSB i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.

Linkar