Er du hytteeigar? Me treng di hjelp! 

Eidfjord kommune samarbeider med Voss herad, Kvam kommune, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune i prosjektet Grønt hytteliv på Vestlandet og me treng di hjelp for å få gode, lokale data for klimagassberekningar. 

Grønt hytteliv - spørjeundersøking

Grønt hytteliv

I dag har me ikkje nok kunnskap om klimafotavtrykket ved hytteutbygging og ‐bruk. Det er dog avgjerande for å finna gode tiltak som kan redusera utsleppa. Prosjektet «Grønt hytteliv på Vestlandet» er støtta av Miljødirektoratet og har to faser; i fyrste omgang ynskjer me å få kartlagt klimafotavtrykket til hyttelivet i regionen, samt å få identifisert kva tiltak som kan gje best resultat med omsyn til å redusera klimagassutsleppa. I andre omgang vil dei deltakande hyttekommunane testa ut nokre av dei tilrådde tiltaka innanfor den finansielle ramma til prosjektet. 

Kartlegginga

Kartlegginga vert gjennomført av Asplan Viak. Me håper du som hytteeigar ynskjer å bidra i arbeidet ved å svara på denne spørjeundersøkinga som tar ca. 3-5 minutt. Svara vert behandla anonymt og ingen identifiserbar informasjon vert lagra ut over prosjektperioden (4 mnd).