Fått sms frå feiiaren?

Me nyttar sms til å varsle om tider for feiing eller tilsyn i din bustad/fritidsbustad.

I smsen vil du finne ein link til sida MinEiendom.  MinEiendom er ein sikker portal der du logger deg inn med Bank-ID. Der vil du finne all relevant informasjon knytt til din eigendom.

Du kan enten bruka linken i motteken sms, eller gå direkte på Min side øverst på heimesida til Eidfjord kommune.

Brannforebyggjande detaljer

Inne på Min side trykkjer du på:

  • Min Eigedom
  • Så kjem det opp gbnr du står som eigar på - klikk deg vidare på aktuell adresse
  • Boksen `Brannforebygging" gir deg informasjon om detaljer om brannforebygging (kommunikasjon frå/til feiiaren)

 

Vestnorske feiartjeneste AS

Det er Vestnorske feiartjeneste AS som utføre feiing og tilsyn på vegne av Eidfjord kommune. Du vil derfor ha kontakt direkte med dei om du har spørsmål eller andre ting knytt til feiing/tilsyn.

Les artikkelen om feiing og tilsyn på heimesida vår: Feiing og tilsyn - Eidfjord kommune