Forlenging av gjeldande fleirårsløyve for motorferdsel i utmark på snøføre i Eidfjord

Motorferdselutvalet har vedteke å forlenga fleirårsløyve som vart gjort gjeldande til 15.02 til å gjelda til og med fyrste sundag etter 1. mai 2020. Dette gjeld mål utanfor Hardangervidda nasjonalpark.

Dette er grunngjeve med behovet for kvalitetssikring av kart for hovudtrasear for motorferdsel i utmark og utforming av tekst som skal følgja kart om vilkår. Utvalet vil ta saka om løypekart opp til ny handsaming til våren etter vintersesongen 2020. 

Nye søknader om fleirårsløyve vert handsama og eventuelt gitt løyve for sesongen til og med fyrste sundag etter 1. mai 2020.

Nye fleirårsløyve vil verta skrive ut for løyveperioden sett til å gjelda vintersesongane 2020/21-2023/24. Dette vert grunngjeve i behovet for eit år forskyving av fleirårsløyve i forhold til valperioden og tid til endring av vilkår til løyve. Innsendte søknader om fleirårsløyve vert å handsama etter dette grunnlaget. 

Motorferdselutvalet i Eidfjord